Kvelpar 2010/2011
Det er planar om å setje kvelpar på Nita hausten 2010. Denne sida vil bli oppdatert etter kvart som det skjer noko på den fronten. For at eigaren av hannhunden eller andre og skal kunne halde seg orientert, skal eg prøve å skrive på engelsk og.
The plan is to mate Nita during autumn 2010. This page will be updated when there are any news regarding this. This page will be translated to English as well, as the owner of the male or anyone else can stay informed.
2010-01-05
Eg kontaktar Schweisshundklubben (NSHK) for å høyre om interessen for paring av Nita. Ho har gjort det bra på sporprøvar og reelle ettersøk, og svaret frå NSHK er klart positivt. Dei ønskjer fleire linjer til Norge, og skal kontakte den internasjonale Schweisshundklubben (ISHV) for å høyre korleis dei stiller seg. Tradisjonelt har tyskerane vore konservative når det gjeld slik saker, det har vore mykje enklare frå andre europeiske land.
I get in touch with the Norwegian Schweisshund Club (NSHK) to check if there is any interest in mating Nita. She has done well in track tests and real jobs, and the response from NSHK is very positive. There is a huge need for new blood lines to Norway, and they will contact to the international Schweisshund Club (ISHV) to get their opinion. The Germans have traditionally been very conservative in such matters, it has been much easier dealing with other European countries.
2010-01-29
Løpetida til Nita startar, og det har jevnt vore 9 mnd mellom løpetidene så langt. Det er ingen garanti for at det går like lenge til neste periode, men viss det gjer det, kan man planlegge ut frå at neste løpetid kjem i månadskiftet oktober/november.
NSHK venter på svar fra ISHV.
The period of heat starts for Nita, there has been 9 months between the periods so far. Even though there is no guarantee, we can expect the next period to start around 1st of November.
NSHK is still waiting for answer from ISHV.
2010-03-16
ISHV svarar med eit forslag til hannhund: Ulf vom Rautenbachtal.
ISHV responds with a suggestion to a male: Ulf vom Rautenbachtal.
2010-03-22
ISHV gir godkjenning til å pare Nita med den føreslegne hannhunden.
ISHV gives approval to mate Nita with the suggested male.
2010-04-19
Resultat frå HD-røntgen av fleire av Nita sine søsken er nå klare, samtlege er HD-frie. Av søskenflokken på ni er fem undersøkte, 4 med A, 1 med B.
More of Nita's siblings have been X-rayed for HD. Five of the litter of nine have been examined, 4 with HD A, 1 with HD B.
2010-04-29
Dei to hundane har fått kvar sine sider med detaljert informasjon.
New web pages with details about the dogs have been added.
Harbackens Nita
Ulf vom Rautenbachtal ("Urs")
2010-08-16
Nå er det på tide med ei lita oppsummering av det som har skjedd i sommar. Nita har gått tre bruksprøvespor, på alle desse prøvane hadde ho 7 eller 8 poeng i alle moment (Frå reglementet: "De enkelte moment skal bedømmes etter en poengskala fra 0 til 9. I alle normaltilfeller skal poengskalaen fra 0 til 8 brukes. Bare et fremragende arbeid uten om det vanlige kan bedømmes med 9 poeng.") Ein av desse prøvane var frå landskampen mot Sverige, der Nita blei neste beste hund, beste norske. På sommarsamlinga fekk ho utdelt vandrepremien for Årets schweisshund 2009. Elles er det søkt om kennelnavn: Fjellstølen.
It is time for some summer summary. Nita has attended 3 Schweisshund tests during the summer. She achieved 7 or 8 in all moments of all tests. (From the rules: "All moments should be given from 0 to 9 points. Normally, only 0 to 8 should be used. Just an extraordinarliy work beyond the normal can be given 9 points.") One of those tests was the national match against Sweden where Nita was second, best of the Norwegian dogs. On the summer gathering she got the prize "Schweisshund of the year 2009". We have also applied for the kennel name "Fjellstølen".
2010-11-04
Løpetida til Nita har starta, vi reiser til Tyskland i helga, og så får se hva som skjer.
Nita's maturity period has started, and we go to Germany this weekend. Time will tell what happens.
2010-11-12
Tilbake etter ca 2500 kilometer, ferjer og styr. Vi hadde to vellykkede paringer mellom Nita og Urs, 10. og 11. november.
We are back after 2500 kilometers, 4 ferry trips, but we also had two successful matings on the 10. and 11 of November.
2010-12-19
No er vi omsider så sikre på at Nita er med kvelpar at vi begynt å innrede kvelpeplassen.
We are now quite sure that Nita is pregnant, so we are preparing the puppy place.
2010-12-28
To veker igjen til kvelping.
Two weeks to go.
2011-01-04
Ei veke igjen. Det ser kanskje ikkje ut som ho har vokse så mykje siste veka, men det har ho, spesielt i breidda.
One week left. It may not look like she has grown too much the latest week, but she has, especially the width has increased.
2011-01-07 13:05
Fødselen er igang. 2 stk er ute, 1 hannhund og 1 ukjent.
The delivery has started. 2 puppies are out, 1 male and 1 yet undetermined .
2011-01-07 17:20
Dessverre var valp nr. 2 dødfødd, men det har komme fleire. Status no er 3 hannhundar og 3 tisper.
Unfortunately puppy no. 2 was dead, but more puppies have arrived. Status now is 3 male and 3 female.
2011-01-07 22:15
No er det 4 hannhundar og 5 tisper. Eg får vel kanskje håpe det er tomt no...
Now it is 4 dogs and 5 bitches. I hope that's it...
2011-01-08 07:50
No ser det ut som det slutt. Det kom ein til rundt midnatt, slik at det no er 5 tisper og 5 hannar. Den eine hannen er veldig liten, berre halvparten av dei største, men me få passe særs godt på den.
It seems like it finally is empty. There was another one around midnight, so there are now 5 males and 5 females. However, one of the males is very small, half the weight of the bigger ones, we'll have to take extra care of that one.
2011-01-09 12:10
Den minste hannen som vi kjempar for er av Erlend blitt kalla Lampard. Vekta er no i alle fall stabilisert, den gjekk noko ned første døgnet, og det på ein som i utgangspunktet var svært liten. Dei andre ser ut til å ha det bra. Men sidan den første er blitt kalla Lampard, betyr det at alle kvelpane vil få namn på F. Dette er dei same reglane som i den tyske bayerklubben, første kull startar på same bokstav som kennelen. Dette er og til ære for kullet sitt tyske far.
The smallest male which we are strugling for, has been named Lampard by Erlend. The weight has now been stabilized after having gone done the first 24h. The other puppies seem fine. As one puppy now has been named, it is decided that the litter will have names starting with F. This is the rule used by the German BGS club, this is also to honor the German father of the litter.
Det ser ut som det er fredeleg på bildet, men eigentleg er det ein kamp på liv og død om posisjonar. It looks peacefully on the picture, but in reality there is a struggle for life about positions.
2011-01-13
Lampard slit med å gå opp i vekt, no køyrer vi på med morsmelkerstatning. Dei andre veks godt, heller for fort enn for seint. Eg har lagt inn ei side som viser vektutviklinga, skal prøve å halde den nokonlunde oppdatert. Klikk på linken nedanfor.
Larmpard is strugling with gaining weight, we are now giving him breast milk substitute. The other puppies are growing well, rather too fast than too slow. A page showing the growth is added, I will try to keep it fairly updated. Click on the link below.
Veksttabell/Growth table
2011-01-20
Det er på tide med ei ny oppdatering. Lampard har fått ein god del morsmelkerstatning, og veks godt no. Dei andre veks og bra. I dag har dei først fått auge, og dei prøver å ta nokon vaklande skritt.
Time for a new update. Larmpard has been given quite some substitute, and is growing well now. The others are also growing well. The first puppies got their eyes today, and they are also trying their first shaky steps.
2011-01-23
Eg har lagt inn ei side med bilder av kvelpane, dei ser no meir ut som hundar enn <****> som dei gjorde når dei var nyfødde. Klikk på linken nedanfor.
I have added a page pictures of the puppies, they now look like dogs. Click here:
Bilder/pictures
2011-01-26
Dei byrjar å gå, å kjefte og slåst nå. Eg har lagt ut ein video om livet i kvelpekassen, men det er ei stor fil, 75M, så er de advart. Nokon som veit korleis eg kan gjere den mindre? Den er eigentleg tatt opp med eit HD-kamera i 16:9, og under konvertering til avi, blei den og omgjort til 4:3, derfor kan proporsjonane vere litt feil.
They have started to walk, bark, and fight now. I have added a video about the puppy life, but be warned: the file is huge, 75M. Anyone who knows how to make it smaller? It is originally recorded with an HD camera in 16:9, but during convertion to avi, it was also converted to 4:3 which means the proportions might be wrong.
Video here.
Kveldsro i kvelpekassa.
Peaceful night in the puppy place.
Hele familien er innvolvert, forrige helg var det Vegard som overnatta.
All of us are involved, this is Vegard.
2011-01-29
Idag har me hatt første besøk av kvelpekjøperar. Me håpar at interessa ikkje vart svekka. Kvelpane har og fått første dose med ormekur. Aslak og Vegard vart tenåringar idag, så me har hatt selskap og mykje sosialisering av kvelpane.
We had the first visit from new owners today. We hope the interest is maintained. The puppies were also given their first potion against intestinal worms. Aslak and Vegard became teenagers today, we have had a party and the puppies got a lot of social training.
2011-01-31
Nokre av kvelpane fekk prøve seg på noko anna enn morsmelk idag. Det var litt kjøttdeig frå hjort. Video er lagt ut.
Some of the puppies got their first taste of som other food than mother's milk. It was some deer meat farce. See video.
Video
2011-02-01
Sida med bilder av kvelpane er oppdatert med nye bilder mens dei et.
The page with pictures of the puppies is updated with new pictures while eating.
Bilder/pictures
2011-02-06
Kvelpane har no fått oppbløytt kvelpafor i eit par dagar, det der noko dei er heilt ville etter.
The puppies have now been eating wet puppy food for a few days. They are crazy about this.
2011-02-11
Eigentleg ikkje noko nytt å melde, dei veks, et og herja. Har har sin første tur ut, det var ein iskald nordavind. Eg legg ut eit par bilete.
No really new, the puppies grow, eat, and play. They have had their first trip out, it was a freezing cold wind from north. Some pictures are added below.
Storoksen et skikkeleg mat, resten et av mora. Bug bull eats real food, the rest mothers milk.
Første tur ut. First trip out.
Trøytte etter mat, skit og herjing. Tired after food, shit, and play.
2011-02-15
Igår var dei to første på besøk hos andre hundar, den eine var litt skeptisk og treg med å komme ut av buret, den andre var ute med ein gong. Me fekk og inn eit fersk skinn av ein hjortekalv som måtte avlivast. Mora ville helst ha det for seg sjølv, men kvelpane fekk på sjekke det ut. Sjå video nedanfor.
Yesterday toe two first puppies where visiting other dogs, one a bit slow to come out of the cage, the other one was out right away. We also got the skin of a red deer that had to be put down. The mother would keep it to herself, but the puppies were allowed to check it out. See video below.
Video here.
2011-02-20
No har alle vore på besøk, med 2 kvalpar om gongen tok det nesten i veke, og dei siste var då mykje eldre enn dei første.
No has all the puppies visited Anka, Frøya, and the cat. It took almost a week with two puppies at the time, so the first were much older than the first, 15-20%...
Video here.
2011-02-24
No går det mest i eting og soving, men me har då fått til litt anna.
The time is mainly spent in eating and sleeping, but we have been able to do quite some other things.
Klassen til Erlend har vore på besøk. We got a visit from Erlend's class.
Litt skogstrening. A trip in the forest.
Køyretrening. Car training.
Og soving, skal vere 10 stk oppi her. And sleeping, should ten here.
2011-02-27
Idag har veterinæren vore på besøk, og det blei ingen overraskelsar: ei tispe hadde haleknekk, tre tisper hadde små navlebrokk som ikkje var noko å bry seg om, en hannhund (Lampard) hadde eit større navlebrokk som vi kanskje kjem til å operere uansett om veterinæren meiner det er naudsynt eller ikkje. Elles ikkje nokon anmerkningar, alle hannhundane hadde testiklane på plass. Alle hundane er noe chippa.
We had the vet visiting us today, it did not give us any surprises. One of the bitches has a tail break, three with minor umbilical hernia, nothing to worry about, Lampard has a bigger one that we might fix even though the vet is not sure if it is needed. Otherwise, no remarks, all males had their testicles in place. All puppies are now chipped.
2011-02-28
Nita gjekk sitt første treningsspor etter kvelpinga idag. Eit enkelt spor på berre 400m i skogen nedanfor hust. Sporet gjekk greit, og vanlegvis pleier ho legge seg ned og ete på klauven, men denne gongen sprang ho med den til døra, og når eg åpna sprang ho rett til kvalpane med klauven.
Nita did her first training trail after the puppies came today. A simple trail on only 400m i the forest by the house. The trail went well, and she normally lays right down eating on the deer foot. But today she carried it right to the door, and when I opened the door, she brought it to the puppies.
2011-03-07
I helga som gjekk flytta dei første kvelpane heim til sine nye eigerar. Heldigvis forsvann ikkje alle på ein gong, fleire fer framover. Sjå bilder av kvelpane saman med dei nye familiane sine.
The first puppies moved to their new homes this weekend. Luckily didn't all move at the same time, more will leave in the week to come. See pictures of the puppies with their new families.
Bilder/pictures
2011-03-08
Dei kvelpane som enno ikkje har flytta heim til nye eigerar må jo starte på treninga til godkjend ettersøkshund. Første steg på den vegen er å venne dei til blod. Det var ikkje noko problem med Nita. Eg gjer dette med ei blanding av leverpostei og blod. Sjå video som er mitt første spede forsøk med Window Movie Maker.
The puppies that still haven't moved to their new owners must start on the training for the tracking dog approval. The first step is to make sure the puppies are not afraid of blood. I am using a mix of liver paste and blood, and Nita loved this mix. See the video below which is my first simple Windows Movie Maker trial.
Video
Vi har også forsøkt oss på eit første spor inne, 4 meter rett fram.
We have also done our first indoor track, 4 meters straight forward.
Video
2011-03-13
Forrige onsdag hadde me besøk av Nita si kusine Haley med familie som bur i Haugesund, vel 5 mil frå oss. Her finn ein meir om ho: http://viltsporhund.blogspot.com.
Torsdag var det ein kvelp som reiste til sin nye heim. Heile helga har det vore besøk, og to nye kvelpar reiste frå oss. Sjå bilder.
We had a visit last Wednesday from Nita's cousin Haley and her family, they live in Haugesund, apprx 50 kilometers from us. You can find more info here: http://viltsporhund.blogspot.com.
Another puppy went to his new home on Thursday. We have also had visits this weekend, and two more puppies left us.
Bilder/pictures
2011-03-14
Me har gløymd å legge ut link til Freyja. På linken nedanfor kan ein følgje med korleis det går med ho.
We have forgotten to link to Freyja. Click on the link to see how see is doing.
Freyja med familie
2011-03-28
Lampard blei operert for navlebrokken idag. Operasjonen gjekk bra. Og på fredag blir kvelpane 12 veker, så det er på å bestille time for vaksinasjon for dei som ikkje allereie har ordna det.
Lampard's umbilical hernia was fixed today, the surgery went well. The puppies are 12 weeks on friday, you might want to book time for vaccination if not already taken care of.
2011-04-15
Ikkje mykje oppdateringar i det siste, men bilde-sidene er oppdaterte. Alle kvelpane utanom Lampard er no flytta.
Not much updating lately, but pictures with new owners are updated. All puppies except Lampard have now moved.
Bilder/pictures
2011-11-07
Kvelpane er 10 mnd i dag, så då har det gått ein månad sidan dei kan begynne å gå prøvar. Av dei seks kvelpane i Norge er 3 fullt godkjende ettersøkshundar, yttarlegare ein har tatt blodsporprøven, og eg reknar med dei to siste blir godkjende neste år. Av dei som er i Sverige, er ein allereie blitt SE VCH, ein anna har gått til ein førstepremie på viltspor, ein har gått sitt første ettersøk på villsvin. Og Bo har sagt Freyja skal på det svenske laget på landskampen neste sommar ;) Nå er eg heller ikkje sikker på om eg har fått med meg alt.
The puppies are 10 months today, at the age 9 months they were allowed to start in various tests. Of the six puppies in Norway, three are fully approved as tracking dogs, one has done part one in this approval, the blood tracking test, and I guess the last two will be approved next year. Of the dogs in Sweden, one is Swedish Tracking Champion, one has a first prize in wild game tracking test, one has done it's first real wild boar tracking, and Bo has said Freyja will be a part of Swedish National team against Norway next summer ;) And maybe I am not fully updated.
SE VCH Freyr av Fjellstølen
Vi er og i tenkeboksen om vi skal ha eit nytt kull på Nita til våren, det vil i så fall bli det siste. Det er då og aktuelt med ein hannhund frå Tyskland, vi treng meir nytt blod opp her, og då er me sikre på at me får hundar som har prestert på ettersøk. Dessverre kan ein ikkje bruke same kombinasjonen fleire gonger... Dersom det blir aktuelt, vil me opprette ei ny side i menyen til venstre.
We are also considering having a new litter next spring, if so it will be Nita's final litter. It might be another German male, we still need more new blood lines in Norway/Sweden, and with males from Germany, we are sure to get dogs that has done well in real wild game tracking. Unfortunately, it is not allowed to use the same father again... It this becomes a reality, we will create a new page in the upper left menu.
2012-02-07
Kvelpane er no 13 månader gamle og ein må vel kanskje kalle dei unghundar no. Den første, Scarlett, er blitt HD-røntga med resultat HD A. I tillegg er dei begynte å gjere nytte for seg seg i skogen.
The puppies are now 13 months old and can one should maybe start calling them yound dogs? The first one, Scarlett, has been X-rayed with result HD A. They have also started making themselves useful in the woods.
Her er Falco og husse med eit rådyr som vart spora ca. 600m, det skvatt opp og for avgarde, Falco blei slept og han fekk tak i det etter ca. 400. Here is Falco and owner Karl Erik with a roe deer tracked for about 600m, the roe ran away, Falco was released, and he caught it after another 400m.
Signe var ute etter eit villsvin som ikkje ville stoppe, det vart spora ca. 10km, då vart Signe slept saman med ein laika, og etter 1,5km fekk dei stoppa villsvinet lenge nok til at hundeførar kom til og fekk avliva grisen. Signe was tracking a wild boar for about 10km, then she was released together with a laika, and they stopped the pig long enough for the leader to come and kill it.
2012-02-12
Då har dei første kvelpane vore på utstilling, kan vere greit å få vite om det ser nokonlunde ut. Og det må ein vel kunne seie dommaren synest. The first puppies have been to a dog show, it is nice to know if the puppies are according to breeding standard. And the judge was happy with the puppies.
Flisa av Fjellstølen (th/right): Cert, BIR/BIB, BIG-3. Frank Lampard av Fjellstølen: Cert, BIM
|