Kvelpar 2014

 

Det er planlagt kvelpar våren 2014 mellom NUCH Flisa av Fjellstølen ("Frøya") og ein tysk hannhund med namn Tillmann vom Strohgäu. Tillmann er anbefalt av ISHV/KBGS. Dette er eit fellesprosjekt saman med Audun Kvandal som er eigar av Frøya.

 

For meir informasjon, ta kontakt med Audun på +47 415 99 202 / audunkvandal@gmail.com eller Dag Arne, +47 906 02 397 / dag-arne@matre.net.

 

2014-07-25

Det har den siste tida vore ekstremt varmt. Kvelpane er begynt å ete kjøttdeig og oppbløytt hundefor i tillegg til melk frå mora. Eller går alt bra. Dei har fått seg eit hundehus mot den verste solsteiken når dei er ute:

 

2014-07-10

Tilbake frå ferie. Etter siste oppdatering var det ei tispe som verka slakk, sakka akterut på vekta, var rett og slett ikkje i form. Tirsdag blei mor og kvelpar tekne til dyrlege som konstaterte kraftig dehydrering. Ho fekk ei sprøyte mot dette, og det hjalp ei lita stund, men ho ville ikkje suge, og etter samråd med dyrlege var det beslutta at ho skulle få sleppe meir, og vart avliva. Ingen liknande eller andre problem vart oppdaga på dei andre kvelpane.

 

2014-07-01

No blir det ei stund til neste oppdatering pga. ferie, sommartreff, etc. Men det kan følge med på korleis dei veks her. Alt går framleis fint.

 

2014-06-26

Valpane veks fint, alle er no mellom 460 og 630 gram. Dei har i snitt lagt på seg 100 gram.

 

2014-06-24

Alt går fint, kvelpane har det fint, alle har lagt på seg litt sjølv om det ikkje er uvanleg at dei går ned litt dei første døgna.

 

2014-06-22

Då har Frøya fått kvelpar, 6 hannar og 3 tisper. Eit utruleg jevnt og fint kull, tispene vog 365, 390 og 390, hannane 380, 445, 460, 460, 465 og 475 gram. Alt står bra til med mor og barn.

 

2014-06-19

Det er nok eit par kvelpar inni her:

 

2014-06-16

"Før og no"-bilde:

 

2014-06-05

Liten tvil om at Frøya er drektig no, de kan samanlikne med "før" nederst på sida:

 

2014-05-12

Frøya og Audun tok i går den tredje og siste førstepremien på blodspor, og berre papirarbeid gjenstår før den offisielle tittelen blir N UCH N VCH N J(SCH)CH Flisa av Fjellstølen.

 

2014-04-22

Paring er utførd 19. og 20. april.

 

2014-04-17

Idag torsdag 4. april er det avreise til Tyskland for paring.

 

 

Tillmann vom Strohgäu

Her er Tillmann med eigar og førar Hans-Otto Vöcks frå "Hauptprüfung". For meir informasjon om Tillmann, klikk her.

 

Flisa av Fjellstølen

Flisa (til daglig "Frøya") oppfyller alle avlskrav til både NSHK og ISHV (helse, brukskrav, utsjånad). Far er Ulf vom Rautenbachtal som representerte Tyskland i ISHVs ettersøkssamling i både 2009 og 2011, mor er Harbackens Nita som har vore årets schweisshund i 2010 og vore med på landskampen mot Sverige kvar gong f.o.m det året. Frøya bur med familien Kvandal på Skare i Odda, og er med i Indre Hardanger Ettersøkshundklubb.

 

Meir informasjon om Frøya finn du her.

 

 

matre.net © 2009-2013 • Privacy Policy • Terms of Use

www.matre.net